torsdag 29. oktober 2015

Ungdomskultur

Kva tenkjar du på når du høyrar ordet ungdomskultur? Det første som slår meg er at det er ein kultur tilpassa for ungdom. I dette innlegget skal du få læra om kva ungdomskultur er og korleis den vart til.

Ungdomskultur er ein kultur som skapt av og for unge menneske. Omgrepet ungdomskultur oppstod på den tida rocken blei populær, altså 1950- talet. Då begynte ungdommar å lausrive seg frå foreldrene, ved blant anna med å venne seg til ein ny musikk smak og ein ny kle stil. Ungdommane begynte blant anna å kle seg i olabukser og skinjakker. Foreldrene hadde lite forståing av rocken og valde derfor å berre halde avstand.

Ei anna viktig årsak som gav grunnlag for ungdomskulturen var økonomien. Etter den andre verdskrigen fekk ungdommar i dei vestlege delane av landet også betre økonomi. Dei begynte å kjøpe sine eigne klede og den gode økonomien gjorde ungdommane til ei eiga forbrukargruppe. Klesindustrien blei interesserte i å lage klede som var prega av den nye ungdomsmoten. Dette var grunnlaget for at ungdommane klarte å utvikle sin eigen kultur, mote, musikk og film.

I dag tenkar vi på ungdomskultur som noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Barn i dag er meir knytta til foreldra og det dei gjer, mens ungdommar riv seg meir laus frå foreldra slik som dei gjorde før i tida då ungdomskulturen blei til. 



Kjelder:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

Bileter: 
https://www.google.no/search?q=ungdomskultur&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMIv-vR3beByQIVRI8sCh3tvwOp&dpr=0.9#tbm=isch&q=ungdomskultur+1950&imgrc=xN05Aivl2_4MxM%3A
https://www.google.no/search?q=ungdomskultur&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMIv-vR3beByQIVRI8sCh3tvwOp&dpr=0.9#tbm=isch&q=ungdomskultur+1950&imgrc=ohS15Pk8KwTEyM%3A

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar