torsdag 5. november 2015

Ungdom og kropp

Dei fleste ungdommar er opptekne av kropp og utsjånad. Somme menneske er missfornøgde med korleis dei ser ut og bruker derfor mykje av fritida på å enten trene eller byggje musklar, slik dei nettopp skal sjå betre ut. Ein ynskjer å sjå ut som den perfekte figuren i avisa, vekeblada eller i reklamen. Viss vi ser oss om blant dei vi kjenner, er det svært få som ser ut som dei i annonsane. Eg er litt i mot dette og vil at folk skal få sjå ut slik som dei er. Likevel er eg også litt oppteken av mote og utsjånad sjølv.

Etter å ha lese teksten om ungdom og kropp på, http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154, er det mange blanda tankar som surrar rundt i hovudet mitt. Det er mange ungdommar som ikkje er fornøgd med eigen kropp og vekt. Mange trenar for å få dette betre, og gutar plar ofte pumpe musklar. Nokre gonger kan dette vera alvorleg. Dersom ein syntes ein veg for mykje eller at ein er missfornøgd med eigen kropp, kan det føre til ete forstyrringar. Ein et ikkje den maten ein skal og et for lite. Dette er noko som er meir vanleg sjå jenter, men gutar kan også få det. Dette kan gå ut over helsa og påverke kvardagen. Eg meiner sjølv at ein må slutte å kritisere seg sjølv. Ein skal vera glad for den ein er. Selvfølgeleg er det greitt å trene, og det er i seg sjølv berre positivt. Når det kjem til mat, skal ein ikkje vera like forsiktig som for eksempel toppidrettsutøvare i ein tidleg alder. Igjen så skal ein jo passe på kva ein et, men det finnes grensar. 

I dag er legevitskapen komme langt når det gjeld kosmetiske operasjonar. For menneske som har fått øydelagt utsjånaden på grunn av sjukdom eller ulykker, er dette ei god utvikling. Mange tar kosmetisk operasjonar for å få større bryst, rette på nasen eller sprøyte inn Botox eller restylane for å få større lepper. Dette er noko eg er i mot. Eg meiner igjen at ein skal vera fornøgd med den ein er og ikkje forandre på utsjånaden sin på ein slik måte. Eg er ikkje imot folk som gjer det, men eg ville aldri ha gjort det sjølv.
Kjelder:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

Bilete:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar