Alkohol
Alkohol er det
vanligaste rusmiddelet i Europa og dei fleste har på ein eller anna måte eit
forhold til stoffet. (http://www.ung.no/alkohol/).
Det finnes mange forskjellige drikker som inneheld alkohol, og felles for dei
er at dei inneheld eit stoff som heiter etanol. Det er etanol som gjer
rusverknaden, og dersom ei drikke inneheld etanol er det ei alkoholhaldig
drikke. I dette innlegget skal eg skrive meir om korleis alkohol påverkar
kroppen, kva lova seier og litt meir rundt desse emnene. (Ekeland, s.72)
Dersom ei
gravid kvinne drikk alkohol, får fosteret same promille som mora. Fosteret kan bli skadd av alkoholen mora drikk
og det kan føre til alvorlege alkoholskadar. Dersom eit foster er påverka av
alkohol når hjernecellene blir danna, kan det føre til at barnet blir forseinka
i utviklinga. Dei kan blant anna få lærevanskar eller konsenrasjonsvanskar.
Dette kan gå ut over læringa på skulen. Det kan og føre til at barne blir
veldig dårlig sosialt. Barnet tårar ikkje snakke med folk og held seg derfor
mykje åleine. Helsestyremaktene ynskjer derfor at alle gravide kvinner skal å
unngå å drikke alkohol. (Ekeland, s.72-73)
I Noreg ligg
gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin for fyrste gong rundt 15 år,
og 14,5 år for øl. Dette er skremmande, fordi ein veit at aldersgrensa er på
heile 18 og 20 år, men kvifor drikk ein dersom ein veit at det ikkje er lov? Eg
trur ein av grunnane til dette er
gruppepress. Folk blir påverka av venar og folk rundt dei. Dersom alle
dei andre drikk føler ein seg pressa til å drikke sjølve. (Ekeland, s.73)
Det som skjer i
kroppen vår når vi drikk alkohol er at i magen blir alkoholen sogen raskt opp i
blodet. Der kan vi måle han i promille. Promille er eitt gram alkohol i eit
kilogram blod. Alkohol verkar ulikt på folk. Somme vert fort rusa, andre toler
meir. Nokre synest dei vert i godt humør medan andre vert triste, sinte eller
kranglete. Alkoholen er også med på å svekkje dømmekrafta og emna til å hugse
og konsentrere seg. (Nomedal, s.222)
Kjelder:
Ekeland, Per
Roar m fl. Tellus 9, Gyldendal, 2008
Ung.no, http://www.ung.no/alkohol/
Nomedal, John
Harald m fl. Kosmos 9, Fag og kultur, 2008Bilete:
https://www.google.no/search?q=alkohol&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMIodDbiqH_yAIVwx0PCh3S5Ag6&dpr=0.9#imgrc=5yt4opI_4NnsbM%3A
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar