Eit godt
klassemiljø
I dette
innlegget skal vi snakke om korleis eit godt klassemiljø skal vera. Vi skal sjå
på ulike faktorar som spelar inn i eit godt klassemiljø og kva som må til for å
trivast i ein klasse.
På skulen er
det viktig å trives for å kunne prestere, og det er derfor viktig med eit godt
klassemiljø. Når eg høyrer ordet "klassemiljø" tenkjar eg først og
fremst på arbeidsro og samarbeid. Dersom eg skal trives i ein klasse er eg
nøydt til å ha arbeidsro. Samarbeid er også ein viktig faktor som kan gjera
klassemiljøet mykje betre. Dersom vi kan samarbeide om eit prosjekt eller liknande
kan ting gå mykje fortare og samstundes har ein det også mykje meir morosamt. Her
kom det opp endå ein faktor som kan vera med på å skape eit godt klassemiljø. Å
ha det morosamt eller hyggelig er viktig. Ein trives mykje betre i ein klasse
som har det morosamt og som kanskje finn på noko sosialt i saman, enn i ein
klasse som gjer det heilt motsette. Derfor er det og viktig å finne på noko
anna som kanskje ikkje inneberer direkte skulearbeid.
I ein klasse er
det også viktig å kunne vera trygge på kvarandre. Ein skal kunne kjenne at ein er
ein like stor del av klassen som det alle andre er. I min klasse har ein det
nettopp slik. Alle kan bidra med like mykje og alle går nok så godt i saman. Alt i
alt så er eg heldig som går i ein klasse med eit så godt klassemiljø som vi
har.
Biletet: https://www.google.no/search?q=klassemilj%C3%B8&es_sm=93&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAcQ_AUoAWoVChMI06bS_9vnyAIVibwUCh3C2gcG&biw=1517&bih=741&dpr=0.9#imgrc=Z-WI0HOf6bV0HM%3A
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar