onsdag 21. oktober 2015

Operasjon Dagsverk

Den 29 Oktober er det OD dag! Dette er ein dag som blir arrangert og utført av ungdommar rundt om i landet. Du får muligheita til å gje ein dag av eigen utdanning, til inntekt for andre si utdanning. Målet med ein slik OD dag er å samle inn pengar til dei som treng det. Kvart år går pengane til eit bestemt  formål, og i år går det til noko som heitar Amnesty. Dette er ein organisasjon som jobbar for menneskerettigheitane, seksuell trakassering, voldtekskultur og mykje anna. Dei skal med dei pengane som blir samla inn, hjelpe unge menneske i Argentina, Chile og Peru. Dette syntes eg er ein god sak å bruke pengane på og ser derfor fram til å jobbe for denne saken på OD dagen!

På denne dagen har eg tenkt å vera heime og berre rydde, vaske og lage middag. Sjølv om dette ikkje er dei gildaste tinga eg veit om, så veit eg at pengane eg tener går til ein god sak og nettopp det gjer 
meg motivasjon! Eg kunne kanskje ha våre litt tidligare ute og funne meg ein skikkeleg plass å vera, 
som i for eksempel i ein butikkjede eller noko liknande. Så dette er eit tips til deg neste gong!

Biletet: https://www.google.no/search?q=operasjon+dagsverk&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMI_6DM9trnyAIVQTUUCh2U-ALr&dpr=0.9

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar