torsdag 29. oktober 2015

Ungdomskultur

Kva tenkjar du på når du høyrar ordet ungdomskultur? Det første som slår meg er at det er ein kultur tilpassa for ungdom. I dette innlegget skal du få læra om kva ungdomskultur er og korleis den vart til.

Ungdomskultur er ein kultur som skapt av og for unge menneske. Omgrepet ungdomskultur oppstod på den tida rocken blei populær, altså 1950- talet. Då begynte ungdommar å lausrive seg frå foreldrene, ved blant anna med å venne seg til ein ny musikk smak og ein ny kle stil. Ungdommane begynte blant anna å kle seg i olabukser og skinjakker. Foreldrene hadde lite forståing av rocken og valde derfor å berre halde avstand.

Ei anna viktig årsak som gav grunnlag for ungdomskulturen var økonomien. Etter den andre verdskrigen fekk ungdommar i dei vestlege delane av landet også betre økonomi. Dei begynte å kjøpe sine eigne klede og den gode økonomien gjorde ungdommane til ei eiga forbrukargruppe. Klesindustrien blei interesserte i å lage klede som var prega av den nye ungdomsmoten. Dette var grunnlaget for at ungdommane klarte å utvikle sin eigen kultur, mote, musikk og film.

I dag tenkar vi på ungdomskultur som noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Barn i dag er meir knytta til foreldra og det dei gjer, mens ungdommar riv seg meir laus frå foreldra slik som dei gjorde før i tida då ungdomskulturen blei til. 



Kjelder:
http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

Bileter: 
https://www.google.no/search?q=ungdomskultur&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMIv-vR3beByQIVRI8sCh3tvwOp&dpr=0.9#tbm=isch&q=ungdomskultur+1950&imgrc=xN05Aivl2_4MxM%3A
https://www.google.no/search?q=ungdomskultur&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMIv-vR3beByQIVRI8sCh3tvwOp&dpr=0.9#tbm=isch&q=ungdomskultur+1950&imgrc=ohS15Pk8KwTEyM%3A

onsdag 28. oktober 2015

Eit godt klassemiljø

I dette innlegget skal vi snakke om korleis eit godt klassemiljø skal vera. Vi skal sjå på ulike faktorar som spelar inn i eit godt klassemiljø og kva som må til for å trivast i ein klasse.

På skulen er det viktig å trives for å kunne prestere, og det er derfor viktig med eit godt klassemiljø. Når eg høyrer ordet "klassemiljø" tenkjar eg først og fremst på arbeidsro og samarbeid. Dersom eg skal trives i ein klasse er eg nøydt til å ha arbeidsro. Samarbeid er også ein viktig faktor som kan gjera klassemiljøet mykje betre. Dersom vi kan samarbeide om eit prosjekt eller liknande kan ting gå mykje fortare og samstundes har ein det også mykje meir morosamt. Her kom det opp endå ein faktor som kan vera med på å skape eit godt klassemiljø. Å ha det morosamt eller hyggelig er viktig. Ein trives mykje betre i ein klasse som har det morosamt og som kanskje finn på noko sosialt i saman, enn i ein klasse som gjer det heilt motsette. Derfor er det og viktig å finne på noko anna som kanskje ikkje inneberer direkte skulearbeid. 

I ein klasse er det også viktig å kunne vera trygge på kvarandre. Ein skal kunne kjenne at ein er ein like stor del av klassen som det alle andre er. I min klasse har ein det nettopp slik. Alle kan bidra med like mykje og alle går nok så godt i saman. Alt i alt så er eg heldig som går i ein klasse med eit så godt klassemiljø som vi har.

Biletet: https://www.google.no/search?q=klassemilj%C3%B8&es_sm=93&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAcQ_AUoAWoVChMI06bS_9vnyAIVibwUCh3C2gcG&biw=1517&bih=741&dpr=0.9#imgrc=Z-WI0HOf6bV0HM%3A

onsdag 21. oktober 2015

Operasjon Dagsverk

Den 29 Oktober er det OD dag! Dette er ein dag som blir arrangert og utført av ungdommar rundt om i landet. Du får muligheita til å gje ein dag av eigen utdanning, til inntekt for andre si utdanning. Målet med ein slik OD dag er å samle inn pengar til dei som treng det. Kvart år går pengane til eit bestemt  formål, og i år går det til noko som heitar Amnesty. Dette er ein organisasjon som jobbar for menneskerettigheitane, seksuell trakassering, voldtekskultur og mykje anna. Dei skal med dei pengane som blir samla inn, hjelpe unge menneske i Argentina, Chile og Peru. Dette syntes eg er ein god sak å bruke pengane på og ser derfor fram til å jobbe for denne saken på OD dagen!

På denne dagen har eg tenkt å vera heime og berre rydde, vaske og lage middag. Sjølv om dette ikkje er dei gildaste tinga eg veit om, så veit eg at pengane eg tener går til ein god sak og nettopp det gjer 
meg motivasjon! Eg kunne kanskje ha våre litt tidligare ute og funne meg ein skikkeleg plass å vera, 
som i for eksempel i ein butikkjede eller noko liknande. Så dette er eit tips til deg neste gong!

Biletet: https://www.google.no/search?q=operasjon+dagsverk&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMI_6DM9trnyAIVQTUUCh2U-ALr&dpr=0.9

Menneskerettane

Menneskerettane er dei rettane eit kvart menneske har uavhengig av kjønn, alder, hudfarge, religion eller seksualitet. Menneskerettane  handlar for eksempel om retten til liv og retten til å være trygg, fridom frå tortur, rett til privatliv, vern mot diskriminering, ytringsfridom, rett til arbeid og helse. Dette var berre nokon av alle menneskerettane vi har og då kan du berre tenke deg kor mange fleire menneskerettar vi har, som ikkje blei nemnt.

Menneskerettane er viktige for at alle menneske skal leve eit godt liv. Eg syntes at alle rettighetane er nødvendige, men det finns rettigheitar som er meir nødvendige enn andre. Nokre rettigheitar kan bety meir for folk på den andre sida av jorda, enn den gjer for oss her i Noreg. Då tenkjar eg spesielt på rettigheitane til nok mat og drikke. Viss du då tenkjar deg om så er dette noko som er ein sjølvfølgje her i Noreg. Du tenkjer ikkje så mykje over det. Her får du mat når du treng det, mens dei på andre sida av verda er nøydt til å jobbe heile dagen for å få nok mat til å overleve. Yttringsfrihet der i mot er noko som er viktig verden rundt. Yttringsfriheit er den friheiten alle menneskar har til å gi uttrykk får det dei meiner, og ønskjer å seia noko om, utan å bli straffa for det. Det finns mange folk i verda som blir straffa for det dei meiner likevel. Det finnest grensar for kva du har lov til å seie men eg meiner fordi om at folk skal få lov til å uttrykke sine eigne meiningar og følelsar. 


Bildet: https://www.google.no/search?q=menneskerettigheter&espv=2&biw=1517&bih=741&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ved=0CAYQ_AUoAWoVChMIw-v7y9vnyAIVQ7YUCh0WiwMk&dpr=0.9#imgrc=DQhhEtplOCGPXM%3A